BILLETTAR

 

 

KONTAKT:

Media/presse/anna m.m : Lovise Drotninghaug: lovised@gmail.com - 90013014

Vakter/område: Kristin Grebstad: krigreb@xi.no - 91522451

Økonomi: Martin Hole - martin@brovollsfestivalen.com - 95891369

Artistar/program : Bastian Skogvold - bastian@brovollsfestivalen.com - 98076499

BF på nett

 

Sponsorar

 

 

Navigasjon
Monday
May282012

OVER MJØLKEGLASET MED KJETIL WICK SÆTRE

Alder: 23
Bustad: Sagene, Oslo
Yrke/Studie/Livssituasjon: Studerer rettsvitskap (juss) ved UiO, tar til på fjerde året til hausten. Arbeider ved sidan av i advokatfirmaet Norman & CO.

 Kjetil er ein glad gut i frå Ikornnes. Han er yngst av tre gutar, og alle tre  bur i Oslo. Kjetil studerar rettsvitskap og vi har høyrd at han er ein svært så dyktig student. Feriane prøvar Kjetil å bruke i heimbygda, og då helst til fjells, med eller utan ski.  Om han imellom slaga har noko ekstra fritid i Oslo prøvar han å bruke tida klatring og anna fysisk fostring. Spreking med andre ord. Han treng nok litt mjølk å styrke seg på denne karen.

Er favorittdrikken mjølk?

Ja! Ein av fleire. Øl, vin, kaffi og mjølk må ein ha. Mjølk gjer seg spesielt godt saman med sjokolade (jamfør biletet).
 

Kva er favorittretten da?

Noko med hjort. 


Når var du sist i ein dalbotn?

Igår var eg i Kalddalen på veg til Stavekollen. Ein av dei beste dalane som er.

Kva er planen for 29. og 30. juni i år?

Då blir eg å finne i Velledalen! I baren, i ein hesj, på dansegolvet, rundt forbi.

Kva andre planar har du for sommaren?

Sommaren er igong. I helgar framover kan det vere eg tek turen til Stryn sommarski. I juni må eg nok arbeide i Oslo, men juli blir mest sannsynlig stort sett brukt til fjells på Sunnmøre.

Om du har - kva er ditt beste Brøvøllsminne?

Mitt beste og verste minne må nok vere Bastian Skogvolds lettkledde opptreden i fjor. Eg har mange gode minner frå festivalen, men ein del av dei er litt diffuse, på grunn av eit visst fantevatn.

Om noko - kva er du mest nøgd med på Brøvøllsfestivalen?

Først og fremst at Bastian Skogvold får dekka delar av sitt eksponeringsbehov. I tillegg er det flott å sjå engasjementet velledalsungdom i alle aldrar viser. Engasjement er viktig. 

Kva ville du forandra på om du fekk bestemme på BF?

Fleire folk frå andre kantar av landet, og kanskje nokon fleire dager? Kanskje. Festivalen er fole flott som den er. 

Kven ville du invitert til å stå på scena under neste års festival?

Det oslobaserte, men lokalt forankra mannskoret/boybandet som foreløpig ikkje har namn, men består av Torbjørn Johnsen, Vegard Utgård, Vegard Haugen, Erik Haugen, Thomas Strømme og Jan Robert Lyngvær.


Dersom du skulle befinne deg på årets Brøvøllsfestival, - kven kunne du tenke deg å by opp til dans ?

Har eit håp om å få dansa swing med Bjørg Frøystad Hole, Lovise Drotninghaug eller ei anna snerta velledalstaus!
 

Kva musikk høyrer du aller helst på?

Det går mest i Ryan Adams, Red Hot Chili Peppers og Tupac. 

Og kva ser du aller helst på fjernsynet?

Eg er relativt glad i Tangerudbakken på TVNorge. Kjenner meg tidvis godt igjen.

Om du skulle lage realityfjernsyn, kva ville din perfekte realityserie innehalde og innebere?

Det kunne ha vore ein idé å sende "Paradise Hotel"-deltakarane på tur med
Lars Monsen. Eg likar å tru at det er håp for alle. 

Kva er ditt favorittsitat?

Det var som det var, det er som det er, det blir som det blir. 

Kva gjer du når ingen ser deg? 

Minst mogleg. Prøver å eksponere det meste eg gjer, har lært det av Bastian!

Saturday
May262012

KU(BAB)GALSKAP I SUNNMØRSPOSTEN

kubab til ære for sunnmørsposten

Tysdag var Sunnmørsposten på vitjing i fagre Velledalen, etter å ha fått nyss i menyen på Brøvøllsfestivalen. KUbaben måtte sjølvsagt testast ut, og for å finne ut av kva som hende under sjølve vitjinga, kan du lese velledalen.net.

 

Wednesday
May162012

OVER MJØLKEGLASET MED IDA KRISTIN VIK STAVE

Ida Kristin Vik Stave har bursdag i dag, 16.mai! Hurra for det! Og.. er gardataus, og oppvaksen på Innigarden på Stave saman med storebroren Peder, og foreldra Bjørg og Njål. Gardsdrifta prella dog greitt av, og i dag nyt ho lett bylivet i Oslo med caffe lattar og sushi. Ida flytta først til Bergen i 2009 for å bli journalist, men fann raskt ut at det måtte vere meir interessant å ordne samfunnsproblema enn å skrive om dei.

Click to read more ...

Tuesday
May082012

OVER MJØLKELASET MED ESPEN FADNES

 

Alder: 33
Bustad: Oslo  
Yrke/Studie/Livssituasjon: Rådgiver i krig og fred og sånn. Litt geograf på sida.

Espen Fadnes er frå rosenes by, men pakka tidleg sekken og kom seg frå Romsdalen til nokre litt meir urbane strøk. Nemleg Oslo. Og her bur han, i alle fall når han ikkje er ute på tur og slikt, og det er jo ikkje reint sjeldan.  Han er ein mann som i følgje han sjølv er på grensa til tåpeleg interessert i risikosport. Alt som inneber risiko er dessverre noko Espen finn fascinerande. Noko som medfører eit høgt stressnivå når han er på ferie og eigentleg skal slappe av. Espen har lest ein plass at det heile nok er ein hjerneskade, og heldigvis ser det ut til at hans seks yngre søsken ikkje har den same hjerneskada kan han fortelje. Frikøyring, basehopping, klatring, speedriding og bølgesurfing er berre nokre av aktivitetane den glade guten med hjerneskada bedriv dagane med. Innimellom krigen og freden og sånn.

Er favorittdrikken mjølk?

Ja, det må eg nok seie at den er. Men, eg er ikkje så glad i eit kaldt glas mjølk aleine. Altså, mjølk for meg får fram det heilt fantastiske i seg i kombinasjonen med grovt brød med kva som helst slags pålegg. Eller risengrynsgraut da. Det er så godt med mjølk at eg faktisk prøvar å unngå å drikke så mykje av det, då det blir for dyrt. For har eg ein uopna literskartong til frukost so er han vekke før eg går ut døra på jobb.

Kva er favorittretten da?

Det er risengrynsgraut. Langtidskokt altså. Den som brukar nesten ein time på koking. Og sjølvsagt med smør, kanel og sukker. Og med mjølk til. Kald. Smøret må forresten vere skikkeleg meierismør. Ikkje sånn planteskit.

Når var du sist i ein dalbotn?

Det var eg første påskedag, og då i utruleg vakre Velledalen. Der såg eg forøvrig tre potensielle renner i fjella i Velledalen som sikkert ikkje er køyrd før, trass i at det nok er ganske gode skikøyrarar i dalen der. Så, det er ikkje siste gong eg står i den dalbotnen for å seie det slik.

Kva er planen for 29. og 30. juni i år?

Eg skal spele inn ein reklamefilm for eit svensk konsulentselskap som heiter Goovinn, og skal visst hoppe frå eit fjell. Det heile skjer ein stad mellom Romsdalen og Sogn og Fjordane, men Velledalen er dessverre ikkje ei mulegheit då, då fjella ikkje egnar seg for hopping.

Kva andre planar har du for sommaren?

Eg skal tilbringe heile sommaren på Vestlandet imellom Voss og Molde, og der skal eg bu i telt, vere med vener, grille, bade, hoppe frå fjell, klatre og høyre på musikk. Jazz og slik.

Om noko - kva er du mest nøgd med på Brøvøllsfestivalen?

Det må bli plassen det arrangerast på.

Kva ville du forandra på om du fekk bestemme på BF?

Då hadde eg tatt inn eit vorspielmusikkinnslag med musikaren Bård Vatten frå Molde. Eg kjenner forresten manageren hans, så eg kan fikse han. Manageren heiter Eivind Fadnes. Det er broren min.

Kven ville du invitert til å stå på scena under neste års festival?

Eg trur kanskje eg ville ha invitert Eddie Murphy til comeback som stand up-komiker! Men det hadde jo også vore veldig moro og hatt eit rundt-bålet-show der Valgjerd Svarstad Haugland fortel The Dark Stories om kva som eigentleg skjer på KRF sine landsmøter.


Dersom du skulle befinne deg på årets Brøvøllsfestival, - kven kunne du tenke deg å by opp til dans ?

Eg hadde bydd opp heile dalen til linedance.

Om du skulle lage realityfjernsyn, kva ville din perfekte realityserie innehalde og innebere?

Det som hadde vore artig var å avsette ein brøkdel av olje-/pensjonfondet, og gitt ti personar tilgang til 100 milliardar kroner i lag, og gitt dei ei oppgåve for å saman generere meir pengar til det norske samfunnet. Ti personar. Ti dagar. Kvar dag går ein ny ut på utstemming, og den som sit att blir ny sjef i olje-/pensjonsfondet.

Kva er ditt favorittsitat?

”Det vil helst gå godt..”

Kva gjer du når ingen ser deg? 

Då stappar eg lillefingeren i nasa.

 

Friday
Apr132012

Pudder, pølser og påskegodt! 

Påska er vel overstått, og det var på tide at heile styret møttes no for sommarplanane i år. Og med sommarplanane meinar vi sjølvsagt festivalplanane den 29. og 30.juni. Ting byrjar å falle på plass, og med litt(mykje) hjelp utanfrå ser det jaggu ut til at vi skal kome oss på beina i år igjen.

Så imellom fabelaktige pudderturar, pølse med brød og påskemarsipan-fråtsing så hadde vi også nokre seriøse djupdykk i festivallivets gleder og aktivitetar. Og dette skal de sjølvsagt få greie på de også når det nærmar seg :-)

Vi håper at alle hadde ei strålande påske, og til dei som kun var heime på ferie: Vi håpar at de tek turen heim på ferie 29 og 30. juni også, så sjåast vi då!